Hytter Ullensvang fjellstyre

Hyttene til Ullensvang fjellstyre blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober). 

Utleige sommaren 2024: Fjellstyret fordeler hytteleige etter søknad (søknadsfristen var 2. mai). Det blir sendt ut tilbod om leige innan kort tid. Det som er ledig blir tilgjengeleg på Inatur etter det.

Utleige i reinsjakta 2024: Det blir lagt ut søknadsskjema for leige av hyttene laurdag-laurdag i reinsjakta ca 1. juni. Alle som er tildelt kort får e-post om dette. 



Spørjeundersøking om fjellstyrehytta på Raudåna

Mange som søker om å leige Belebu er ikkje interessert i Raudåna som eit alternativ. Desse hyttene ligg berre nokre få hundre meter frå kvarandre. Fjellstyret ynskjer innspel om eventuelle tiltak for å gjera Raudåna meir attraktiv. Bruk skjemaet på lenka under. 


Ullensvang fjellstyre har fleire hytter i Ullensvang statsallmenning som er sett opp til bruk for jegerar og fiskarar. Hyttene blir leigd ut i perioden 1. juli - 31. oktober.

Trykk på kartet til høgre for å sjå kor hyttene ligg


Avbestilling:
Dersom det kjem noko i vegen slik at du ikkje kan nytta deg av leiga, har fjellstyret fyljande avbestillingsordning:
  • Ved avbestilling inntil 30 dagar før opphaldet blir 80% av summen refundert
  • Ved avbestilling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50 % av summen refundert
  • Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet blir det ikkje gitt refusjon
Ta kontakt med fjellstyret på e-post ullensvang@fjellstyrene.no ved avbestilling.


Har du spørsmål om utleige av hyttene er det berre å ta kontakt med sekretær Steinar Lund på tlf. 482 70 778 eller e-post ullensvang@fjellstyrene.no.