Liten avdeling: 200,- per døgn for innanbygdsbuande.
stor avdeling: 400,- per døgn for innanbygdsbuande.
Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk.
Påhengsmotor
Det er to stk 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Desse blir leigd ut for 500,- kr for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Motorane er låst med kodelås. Ved leigeslutt plasser motoren tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.