Rauland statsallmenning når du lettast frå Songavatnet (Trolldalsdammen). Sommarstid køyrer du heilt til dammen og parkerar her. Det er flotte båtutsett tilgjengelege her. Det er avgift for å køyre på Songavegen, pt 40,- som må betalast kontant. Vinterstid er det god parkeringsordning med kontant betaling ved Fv 362. For å kome inn til våre hytter må du rekne ca 1,5 times gange til Saltpytt dersom du tek båt til Våjordsvollen. Til meinsvatn er det 3-4 timar avhengig av oppakning og form. Har du ikkje båt går det fint å gå frå Trolldalsdammen. Du må då rekne deg ein god time ekstra. Vinterstid må du i tillegg rekne med å gå frå fylkesvegen til dammen.
Jegertelefonen er berre aktiv i reinsjakta og er oppretta for at jegerar kan nytte dette nummeret for kontakt med fjellstyret i jaktrelaterte spørsmål.
Bankkonto i Tinn Sparebank: 2620 27 01336 Vipps nummer: 114646