Hytte og friluftsliv
Fjellstyret leiger ut fleire enkle, men lune hytter i Ullensvang statsallmenning frå 1. juli til 31. oktober. Hyttene er klargjorte med madrassar, kjøkkenutstyr, ved og gasskomfyr – du treng berre å ta med sovepose og eventyrlyst.
Informasjon om hyttene
Ullensvang fjellstyre har fleire hytter i Ullensvang statsallmenning som er sett opp til bruk for jegerar og fiskarar. Hyttene blir leigd ut i perioden 1. juli - 31. oktober.
Avbestilling:
Dersom det kjem noko i vegen slik at du ikkje kan nytta deg av leiga, har fjellstyret fyljande avbestillingsordning:
Ved avbestilling inntil 30 dagar før opphaldet blir 80% av summen refundert
Ved avbestilling inntil 21 dagar før opphaldet startar blir 50 % av summen refundert
Ved avbestilling 20 dagar eller mindre før opphaldet blir det ikkje gitt refusjon
Ta kontakt med fjellstyret på e-post ullensvang@fjellstyrene.no ved avbestilling.
Har du spørsmål om utleige av hyttene er det berre å ta kontakt med sekretær Eirik V. Dørheim på tlf. 482 70 778 eller e-post ullensvang@fjellstyrene.no.
Hansbu - Ullsbu
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Hytta er utstyrt med madrasser, ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har eit soverom med fire senger, og i tillegg to senger i gongen.
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar"), dab-radio
Tilgang til båt i Nedsta Krokavatnet
400,- per døgn for innanbygdsbuande (+ 100,- pr ekstra seng i bruk). Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga.
Kartreferanse UTM-sone 32: 6661604 412353
Hansbu - Rogdabu
Steinbua er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Hytta har to sengeplassar, og du må ta med sovepose. Standard er enkel, men funksjonell. Steinbua vart restaurert sommaren 2024 og står ulåst.
Prisen er 180 kroner per døgn for innanbygdsbuande. Utanbygdsbuande kan sjå eigen pris på Inatur. Det er òg tilgang til båt i Nedsta Krokavatnet.
Kartreferanse UTM-sone 32: 6661604 412353
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Raudåna
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Hytta er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta blei bygd om i 2017, og har to like deler ("Raudåna - avdeling 1" og "Raudåna - avdeling 2") med fire sengeplassar i kvar.
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")
400,- per avdeling/døgn (4 sengeplassar), Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Tilgang til båt i Kvennsjøen
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i naustdelen. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt.
Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motoren blir leigd ut for kr 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom fleire av leigetakarane på Raudåna leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Kartreferanse UTM-sone 32: 6659170 399693
Belebu
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Hytta er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har to avdelingar som ein kan leige. Ein liten del (2 sengeplasser) og ein stor del (4 sengeplasser).
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")
Tilgang til båt i Kvennsjøen
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i naustdelen. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt.
Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motoren blir leigd ut for kr 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom fleire av leigetakarane på Raudåna leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Persbu
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
2 sengeplassar
180,- per døgn for innanbygdsbuande. Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Steinbua er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr.
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar")
Tilgang til båt i Øvsta Bjørnavatnet.
Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga.
Kartreferanse UTM-sone 32:6655675 404057
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Lenke til dokumentet med koden til nøkkelboksen er i denne e-posten. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Bjørnavassbu
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Bjørnavassbu ligg ved Nedsta Bjørnavatnet.
Det er to deler i hytta, med fire senger i kvar.
Hytta er utstyrt med vedomn og gasskomfyr. Ta med sovepose.
400,- per døgn for ei avdeling. Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Tilgang til båt i Nedsta Bjørnavatnet.
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk.
Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Det skal brukast rein bensin (95) utan tilsett olje. Bensin må brukar ta med sjølv. Motoren blir leigd ut for 500,- kr for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom begge avdelingane i hytta leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står i denne e-posten. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Naustet - Nedsta Krokavatnet
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Hytta er utstyr med ved, gasskomfyr og anna naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.
Hytta har fire sengeplassar. Det er ikkje høve til å bu i naustdelen.
400,- per døgn for innanbygdsbuande. Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Solcellepanel, ladepunkt 12 v (usb og "billadar"), dab-radio
Tilgang til båt i Nedsta Krokavatnet.
Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i naustdelen. Hugs garnfiskekort.
Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt.
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Kartreferanse UTM-sone 32: 6661134 411154
Holmavatnet
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Steinbua er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose. Enkel standard!
Det er tilgang til båt og fiskegarn ved Holmavatnet.
2 sengeplassar
180,- per døgn for innanbygdsbuande. Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!
Kartreferanse UTM-sone 32:
6657843
393128
Langvassbu
Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober).
Langavassbu ligg ved Langavatnet.
Det er to deler i hytta, med fire sengeplassar i kvar. Det er dyner i hytta (tynne dyner i del 2).
400,- per døgn per avdeling for innabygdsbuande. Utanbygdsbuande sjå eigen pris på Inatur.
Hytta er utstyrt med vedomn og kokeapparat.
Det er naust eit stykke mot Langavatnet, med båt og fryseboks som kan brukast av dei som leiger hytta.
NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står i kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!