Holmavatnet

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (15. juni til 31. oktober). Info om utleige 2023 kjem på hovudsida for hyttene til Ullensvang fjellstyre utpå våren.


Steinbua er utstyrt med ved, kokeapparat og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose. Enkel standard!

2 sengeplassar

90,- per seng per døgn  - dobbel pris for utanbygdsbuande

Nøkkelen til hytta ligg i ein kodeboks ved inngangsdøra. Koden til boksen får du i kvitteringa når du har betalt for leiga. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!


Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32:
6657843
393128