Jakt
Samjakt med Berunuten Vest (HA267A) frå 7. september og ut jakta for jegerar som har fått tildelt villreinkort frå Rauland fjellstyre (HA 264) 

Rauland Statsallmenning tilbyr jakt på småvilt og rein. Fjellstyret er sett til å forvalte jakta på Rauland Statsallmenning. Her er det både småviltjakt og reinsjakt. På Rauland SA kan alle jakte småvilt utan hund og sende søknad om å få jakte rein kvart år. For reinsjakta er søknadsfristen 2 mai. Du må søkje elektronisk på linken under.

Det blir lagt ut informasjon om jakt, jakttider, søknadsfristar, fellingsresultat og anna på linkane under.