Fjellstyrene Hardangervidda, foto Arne Nyaas
  Du er her: Forsiden >
 
Venstre Felt

Smånytt


Villreinen 2012

Kan miste seterretten

Utmarka - ein kjemperessurs

Møte i Fellesstyret Ullensvang

Raudrevseminar

Vinterope over Imingfjell?
Kvote Hardangervidda 2012

Kalving på Hardangervidda          Foto: SHO, HF

Villreinnemda for Hardangervidda godtek forslaget frå Hardangervidda Villreinutval om ein kvote på 6000 dyr i 2012. Fordelinga vert: 15% frie dyr, 55% simle/ungdyr og 30% kalv.
 
Villreinutvalet har teke utgangspunkt i at vinterbestanden denne viteren er på i underkant av 10 000 dyr. Det forventast ein kalvetilvekst på ca 2 200 kalvar våren 2012.
 
Ved normal fellingsprosent forventast det at det vert felt 1700-2400 dyr hausten 2012. Villreinutvalet meiner i kvoteforslaget at det er større sjanse for bestandsreduksjon enn bestandsauke.
 
Fjellrev sett ut på Finse

Foto: Georg Gjøstein, HF

Onsdag 1. februar vart det sett ut 14 fjellrevkvelpar i Finseregionen.   11 vart sett ut i Hol og 3 i Ulvik.   Fjellrevane vart teke i mot av  Petter Bråten, SNO Hallingskarvet, som leiar utsettingsprosjektet lokalt. 

Det var nydeleg vær og revane held seg i nærområdet til kunstige hi og forautomater etter at dei vart sett fri. Sidan 2010 er det no sett ut 57 revar i området og det er dokumenter ei yngling. 5 revar er stadfesta omkomne av ulike årsakar. Fjelloppsynet var til stades under utsettinga
 
Populær hytte på Finse

Finsebu   Foto: Ulvik Fjellstyre

Ulvik Fjellstyre melder om at finsebu no har vorte svært populær som utleigehytte for fjellfolk. Den flotte hytta like ovanfor Finse stasjon er stadig oppteken av folk som vil overnatte i Finseområdet. Her kan dei som ynskjer det gå inn på Inatur å booke hytta når dei måtte ynskje det.

Det har vorte ein suksess melder Fjelloppsyn Harald Andersen i Ulvik Fjellstyre. Grunna den store auken i talet på overnattingar har det etterkvart vorte eit problem med kapasiteten på toalett på hytta, men Fjellstyret har no teke tak i dette og bygd ny do med større kapasitet. Jobben vart sett bort til Hardangervidda Fjelloppsyn og vart utført på nyåret i 2012. Bilete frå dette kan du sjå under Fjelloppsyn.
 
Tidlegare artiklar:
Historisk vedtak på Hardangervidda
Takkar av etter lang og tru teneste
Fellingsresultat Hardangervidda
Strukturteljing på Hardangervidda 2011
Haustmøte Hardangervidda
Vellykka jakt på Osafjellet
Reinsjakta 2011
Fisketur på Hardangervidda
Ny vri på informasjonstenesta til Fjellstyra på Hardangervidda
Villreinjakt på Osafjellet
Høyre felt
 
 
 
 
Nettstedet brukes publiseringsløsningen  etPublish
 
 
eXTReMe Tracker