Hytte og friluftsliv
I Ulvik statsallmenning tilbyr vi enkle hytter som gir deg ein trygg og naturnær base for å oppleva villmark, fiske og friluftsliv. Lei ei hytte og la morgonstilla, fjellvatnet og vidda bli ein del av opplevinga di.
Ulvik Fjellstyre eig og driftar 9 hytter og steinbuer i Ulvik Statsallmenning.
Fem av hyttene er låste, for tinging kontakt Stig Yngve Røkenes +47 48 09 57 10. Tre av steinbuene står opne og ei er låst.
Ei av hyttene, Finsebu, ligg berre nokre hundre meter frå Finse stasjon, har innlagt straum og heller høg standard. Til hytta høyrer naust med garn og båt i Finsevatn.
Tre av hyttene på Osafjellet, Søre Grøndalshytta, Dyrahola og Ripsebu er og lagt ut for online booking på Inatur.no.
Ei steinbu ligg i Lengjedalen aust for Finse, dei andre steinbuene ligg i områda mellom Finse og Ulvik ( Osafjellet ). Alle er utstyrt med ved og gass.
Fjellstyre har bruka å sette opp ein lavvo ved Langavatnet som står til fri bruk for fiskarar, jegerar og andre brukarar av fjellet i sommarsesongen. Det er mogleg å nytte båt på Langavatnet så ein kan ta med seg ved. Det er gratis å disponere lavvoen, men om de ynskjer å betale nokre kroner for bruken kan de sette inn nokre kroner på konto: 3450 24 08072. Hugs å rydde opp att i og rundt lavvoen etter bruk!
Rundvassbu
August 2025: Bua er no under renovering. Det er i august gjort tiltak for å få bua tett då det har vore utfordringar med at vatn frå bakveggen kjem inn i bua. Neste steg er å byggja opp innvendige veggar og enkel innredning. Det er framleis mogeleg å overnatte i bua, men for hausten 2025 vil det kun være noko ved til fyring i ovnen, eit bord og 2 briskar med madrasser.
Steinbu i eit rom.
Støypt nytt golv og laga nye benker/senger i 2011. Vedomn og noko kjøkenutstyr. 2/3 liggeplassar. Enkel standard.
Ligg ovanfor Rundavatnet som har god fiskebestand. 100,- pr. pers. pr. døgn. Betalast til konto 3450 24 08072, eller Vipps til 612011.
Memorgebu
Steinbu i eit rom, 11 m2.
Hytta vart sett i stand i 1983 med nytt tak og drenering av vatn, nytt golv og omn. Vedomn, 2 bluss propanapparat og noko kjøkenutstyr. 2-3 liggeplassar. Enkel standard.
Ta kontakt med fjellstyre for leige.
Låst, kodeboks.
Søre Grøndalshytta
Hytta vart oppført i 1952 og består av 2 rom, 20m2. Vedomn, 3 bluss propanapparat, kjøkenutstyr, 4 liggeplassar. Restaurert innvendig i 2012. Ny kledning og solcelleanlegg i 2019.
Tilhøyrande naust, 15m2 med båt og garn. Uthus med utedo.
Søre-Grøndalsvatnet har mykje god aurebestand. Snittvekt 2015 var 300-400 gr. Alle som leiger hytta kan nytte garn i vatnet.
Låst, kodeboks.
Ripsebu
Hytta oppført i 1984 består av 2 rom, 23m2. Vedomn, 3 bluss propanapparat og kjøkenutstyr. Hytta har gang og kombinert sove/opphaldsrom m 2 køyer og benk. Det er og ei køye i gangen. Utedo/vedbod.
Båt tilgjengeleg for brukarar av hytta. Fleire gode fiskevatn innanfor kort gangavstand. Solcelleanlegg.
Låst, kodeboks.
Dyrahola
Hytta er på 25m2 og vart oppført i 1988. Omn, propanapparat og kjøkkenutstyr for 6 personar. Hytta har gang, soverom m/ 4 køyer, kombinert kjøken/stove og hems. Montert solcelleanlegg i 2019.
Låst, kodeboks.
Lengjedalsbu
Steinbu i eit rom. Bua vart sett i stand på slutten av 70 åra, nytt torvtak i 1987. Vedomn og noko kjøkenutstyr. 2/3 liggeplassar. Nye glas og front i 2017. Enkel standard.
100,- pr. pers. pr. døgn. Betalast til konto 3450 24 08072, eller Vipps til 612011.
Sankebu
Bua, storleik 32 m2 inneheld vindfang/gang, soverom, opphaldsrom m/kokeplass, hems og utedo. Liggeplass for 4/6 personar.
Låst. Er utleigd til bruk for landbruksberettiga ifbm tilsyn og sanking av sau i området. Ikkje for utleige til andre.
Finsebu
Hytta har eit areal på ca 80 m2, har stove med kjøkkenkrok, 3 soverom, 10 liggeplassar, vedbod, entre, ny snurredass og vaskerom, innlagt straum, elektrisk komfyr og kjøleskåp ++.
Det er kjøkkenutstyr for 10 personar.
Hytta har ikkje innlagt vatn, men det renn ein liten bekk rett ved hytta der ein finn vatn.
Finsebu ligg lett tilgjengeleg omlag 700 m frå Finse jernbanestasjon.
Hytta bookar du på Inatur via lenke under. Hytta er låst - avtal henting av nøkkel med Finse Drift 1222 på togstasjonen på tlf 46 95 41 43.
Lavvo Langvatnet
Ulvik fjellstyre har no sett opp lavvo for sesongen 2025.
Fjellstyret set opp lavvo ved Langavatnet i sommarsesongen, som står til fri bruk for fiskarar, jegerar og andre brukarar av fjellet. Det er mogleg å nytte båt på Langavatnet, så ein kan ta med seg ved. Lavvoen er utstyrt med vedovn. Koordinatane for plassering av lavvoen sommaren 2025 er: UTM33 6738519N 72883Ø.
Det er gratis å disponere lavvoen, men fint om brukarar kan setje inn eit beløp for bruk av ved på konto: 3450 24 08072.