Langavassbu

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (15. juni til 31. oktober). 

Info om utleige 2023 kjem på hovudsida for hyttene til Ullensvang fjellstyre utpå våren.


Langavassbu ligg ved Langavatnet. Kartlenke.
Det er to deler i hytta. Fjellstyret disponerer den eine delen, der det er fire sengeplassar. Det er dyner i del 1 av hytta (ikkje del 2).
Hytta er utstyrt med vedomn og kokeapparat.

Det er naust eit stykke mot Langavatnet, med båt og fryseboks som kan brukast av dei som leiger hytta. Sjå bilete av naustet over. Nøkkel til naustet heng på veggen i del 1 av hytta.

100,- per seng/døgn, dobbel pris for utanbygdsbuande.

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står i kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!