Fiske i Ulvik Statsallmenning

Generell beskrivelse
Kortet gjev tilgang til fiske i alle vatn i Ulvik statsallmenning. Det er omlag 20 vatn og 50 km elv med aure. Røye finnast i delar av Ustekveikje vassdraget.

Fiskebestand

Aurefisket i statsallmenninga er godt, fisk rundt kiloet vert fanga med jamne mellomrom. Fisken er av god kvalitet, med fin raudfarge i kjøtet. I Finsevatn er det ein bestand av røye, heller småfallen. Her er det ope for garnfiske, båt og garn er tilgjengleg.
Fisketips
Fiskesesongen startar sjeldan før eit stykke ut i juli, isen kan ligge lenge på dei høgtliggande vatna. Sluk og spinnar er mest nytta, men under gode vertilhøve kan ein og få bra uttelling med flogestang.
Generelle regler
Innehaver av fiskekortet er sjølv pliktige til å gjere seg kjendt med gjeldande fiskereglar og grenser. Når fiskekortet er bestilt, kan det ikkje kreves refusjon for betalt avgift. Fisketida er heile året. HUGS Å SENDE INN FANGSTRAPPORT!!
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Ulvik statsallmenning ligg nordvest for Hardangervidda nasjonalpark, og har eit totalareal på 400.000 daa. Av dette er mest høgfjell og resten er isbre (20.000 daa).

Gode fiskevatn i Ulvik SA

Navn på vassdrag       Fiske                                                                     Fiskemåte

Langavatn                                snittvekt på 5-7 hg, fisk mellom 1-1,5 kg ikkje uvanleg       sluk, spinnar, fluge (inste/austre del av vatnet)
Memorgevatna                        fisk over 1 kg er vanleg, små vatn, fint fiskeområde          sluk, spinnar, rapportar om gode fangstar på fluge
Austdalsvassdraget                 fisk over 1 kg er vanleg, mange små loner og vatn           flott flugefiske!!!!
Fløyelsvatnet/vatna                stort sett fisk mellom 1 og 2 kg                                            sluk, fluge når det vakar
Her er element 2.