Hytter Rauland Fjellstyre

Jmfr vedtak i styremøte 02 - 24 (01.02.24) for Rauland Fjellstyre vil hyttene på Rauland Statsalmming vere stengt for bruk vinteren 2024 i samband med oppmoding frå Hardangervidda Villreinutval 08.12.22 (det er ei vidareføring av vedtaket frå vinteren 2023 der hyttene også var stengt). 

Hyttene vil ikkje vere fysisk stengd pga nødbufunksjonene, men det er ikkje ynskjeleg med ekstra besøk denne vinteren. 


All overnatting betales via VIPPS! VIPPSNR: 114646



Rauland Fjellstyre eig og driftar 3 hytter i Rauland Statsallmenning. Desse hyttene er sett opp til bruk for jegerar og fiskerar. Alle hyttene står opne og har ved og propan samt dekketøy. Andre forbruksartiklar som dopapir og stearinlys må brukarane ordne sjølve.


Det er ikkje mogleg å reservere hyttene. Dei står opne for alle etter prinsippet om at det "aldri blir fullt"! I jakta kan det i periodar bli fullt på hyttene, men dette går som regel bra. All betaling for overnatting skjer no via VIPPS. Alle må skrive seg inn i besøksprotokollen og betale når en kjem heim. Prisar pr nått pr person: 100,- for innanbygds og 200,- for utanbygds. Under 16 år gratis. Vipps: 114646

Rauland statsallmenning når du lettast frå Songavatnet (Trolldalsdammen). Sommarstid køyrer du heilt til dammen og parkerar her. Det er flotte båtutsett tilgjengelege her. Det er avgift for å køyre på Songavegen, pt kr 50,- som må betalast kontant.
Vinterstid er det god parkeringsordning med kontant betaling ved Fv 362.
For å kome inn til våre hytter må du rekne ca 1,5 times gange til Saltpytt dersom du tek båt til Våjordsvollen. Til meinsvatn er det 3-4 timar avhengig av oppakning og form. Har du ikkje båt går det fint å gå frå Trolldalsdammen. Du må då rekne deg ein god time ekstra.
Vinterstid må du i tillegg rekne med å gå frå fylkesvegen til dammen.


Saltpytthytta

Hytta ligg på øvre del av Saltpyttflotti, er på 42 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta.
 32 V 426034 6638332
Kostveithytta

Hytta ligg i sørvestre delen av Kostveitvatn, er på 28 m2 og har 5 senger med madrasser. Det er kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta.

 32 V 431209 6640052
Store Meinsvatn

Hytta ligg i sørenden på Store Meinsvatn, er på 35 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Hytta har eige oppsynsrom til bruk for Fjelloppsynet og deira samarbeidspartnarar. 
 32 V 429301 6643633