Kontaktinformasjon til Ullensvang Statsallmenning

Kontaktinformasjon Fjellstyrekontoret

Postadresse
Sandvikevegen 11
5780 Kinsarvik


Steinar Lund
Fjelloppsyn/sekretær

Telefon: (+47) 482 70 778
epost: ullensvang@fjellstyrene.no

Kontaktinformasjon Fjellstyret

Leiar
Johnny Vikne
E-post: j.vikne@gmail.com
T
elefon: 41460011


Fjellstyremedlemmer 2020-2023:
Johnny Vikne, leiar
Jan Asbjørn Utne, nestleiar
Synnøva Sæbø
Jarle Rasmussen
Hildegunn Espe


Slik kjem du hit

Du må vera glad i lange turar for å besøke oss, for det tek deg 6- 7 timar å gå frå bilen til du er inne i Ullensvang statsallmenning. Allmenningen ligg midt inne på Hardangervidda. Dette gjeld sama kva rute du vel. Det er 2 hovudruter inn i Ullensvang statsallmenning: Alt: 1: Du kan ta RV 7 over Hardangervidda til Tråastølen, (Eidfjord statsallmenning),  køyr Tinnhølvegen (bomveg) til parkeringsplass ved Tinnhylen. Derfrå ta beina fatt på turstien innover mot Sandhaug og vidare i retning t.d. Litlos. Du bør hugsa å kjøpa fiskekort på Eidfjord statsallmenning og, då du går forbi mange fine elvar og fiskevatn før du kjem inn i Ullensvang.  Alt: 2: Køyr E-134 til Røldal, ta av innover Valldalsvegen 14 km til parkering. Så er det beina fatt opp Vivassdalenl, gå turvegen i retning Litlos. Her går du over Røldal statsallmenning før du kjem inn i Ullensvang statsallmennig. Eit tredje alternativ er  å gå frå Haukelisæter (på E-134 over Haukelifjell) innover mot/over Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Dette alternativet er kanskje det lengste og tyngste, men ein flott tur. Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. Nærare informasjon også hjå dei einskilde fjellstyra.