Velkommen på jakt hos Røldal statsalmenning
I Røldal statsallmenning får du jaktopplevingar i storslått høgfjell. Her kan du følgja rypa over vidda, jakta hare og rev, elg, eller søkja lykka i den tradisjonsrike villreinjakta.
Terrenget er vilt, ope og urørt – utan bilvegar, men fullt av eventyr. Her er stilla berre broten av vind over vidda og fugl som lettar frå lyngen.
Småviltjakt
I Røldal statsallmenning ventar ekte fjelljakt i ope og variert terreng, der stilla og naturen er dine næraste jaktkameratar. Jakta går føre seg utan bruk av hund, og kort kan kjøpast på Inatur.no
Fjellstyret ønskjer å løfta fram nye jegerar og tilbyr difor eit gratis dagskort til alle som har avlagt jegerprøven etter 1. januar 2024 – ein perfekt start på ditt første fjelleventyr.
Smårovvilt kan òg jaktast i området, med eigne kort som gjeld frå 1. mars til 30. september. Parkering finn du langs E134 på Haukelifjell i anleggsperioden, og salet av småviltkort startar 1. juni kvart år.
Røldal byr på jakt slik ho var meint å vere – still, ekte og tett på naturen.
Reinsjakt innanbygdsbuande
Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknader om villreinjakt for innanbygdsbuande i 2025 vil følge same mal som i fjor. Det er ein søknadsrundt for fellingsløyver på nord, og ein søknadsrunde for fellingsløyver på syd. Søkjarar er sjølv ansvarleg for å setje seg inn i kva reglar som gjeld. Søknad på mail til fjellstyret er godt nok i massevis.
Ein gyldig søknad skal innehalde:
- Namn, fødselsår, mobil, e-post
- Søkjer ein fellingsløyver på nord og/eller syd.
- Ynskjer ein 1 eller 2 fellingsløyver på nord.
- 1.gangsjegerar (ikkje fylt 18 år innan 20.august), rekrutteringsjeger (ikkje fylt 20 år innan 20.august) eller studentar (person under 25 år som ikkje er i lønna arbeid. Lærlingar er rekna som studentar.), må opplyse om at dei er det i søknaden! OBS! Me ber at alle jegara under 25 år opplyser om dei har felt villrein føregåande år.
Frist for å søkje kort som innanbygdsbuande er 30. april 2025.
Aktuell informasjon om jakta 2025:
Fjellstyret tar imot søknader elektronisk på roldal@fjellstyrene.no
Dette gjeld søkjerar som føler dei passar inn i kategorien «innanbygdsjeger». Alternativt kan søknaden gjerast skriftleg ved å fylle ut skjema og levere i postkassa. Søknad må vere levert innan 30. april.
Per no ser det ut som at kvota vil vere på 2500 reine bukkakort. Pga dette har fjellstyret bestemt at ein kan velje å søkje om å ta ut anten 1 eller 2 fellingsløyver. Antalet dykk ynskjer må spesifiserast i søknaden. Ein kan også samtidig søkje, og verte tildelt frittkortdyr på syd. (Totalt to trekningslister: fellingsløyve nord og fellingsløyve frittdyr syd). Jeger er sjølv ansvarleg for å opplyse om kva trekningslister han søker på. Om dette er uklart i søknaden, avgjer fjellstyret for jegeren.
NB! Gjeld innanbygdsjegerar: Om du ynskjer å søkje om kort som fyrstegongsjeger (under 18 år), eller vil søkje om å få rabatt (student, eller under 20 år), MÅ du opplyse om dette på søknaden.
Reinsjakt utanbygds
Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. Fjellstyret vurderar kvart år om det vert gjeve tilbod til utanbygds jegerar. Informasjon om dette kjem på desse sidene saman med informasjon om korleis du skal søkje på kort som utanbygds jeger.
Informasjon om reinsdyrjakta 2025:
Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til utabygds jegerar i 2025. Endeleg avgjersle vert tatt når fellingskvotane er bestemt.
Røldal Fjellstyre opnar likevel allereie no for søknadar på fellingsløyver, slik at ein kan tildela eventuelle fellingsløyver ut frå ei trekningsliste i byrjinga av mai. Søknad skal i år sendast direkte på mail til fjellstyret: roldal@fjellstyrene.no innan 30. april.
Søknaden må innehalde namn, telefonnummer og adresse. Verte ein tildelt fellingsløyve, må ein vise fram betalt jegeravgift, samt betale fellingsløyva innan ein kort frist. Ein får tilsendt eit tidsavgrensa tilbod på mail. Fjellstyret vil ikkje gje noko varsel utanom dette.
Røldal Fjellstyre gjer merksam på at ein ved å søkje på jakt hjå eit fjellstyre godtar at namn, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbud kan bli offentliggjort.
Ved å søke på jakt plikter du å sette deg inn i bestemmelsar for søknad, trekning og utøvelse hjå Røldal Fjellstyre.