Bjørnavassbu

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (1. juli til 31. oktober). 

Bjørnavassbu ligg ved Nedsta Bjørnavatnet.
Kartlenke.

Det er to deler i hytta, med fire senger i kvar.
Hytta er utstyrt med vedomn og gasskomfyr. Ta med sovepose.
400,- per døgn for ei avdeling, dobbel pris for utanbygdsbuande.
Tilgang til båt i Nedsta Bjørnavatnet.

Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.

Fryseboks
Intensjonen med fryseboksen er å gi brukarane moglegheita til å fryse ned fangsten og ta med seg heim. Denne må deles mellom romma på hytta. Les gjennom brukarmanual som ligger på hytta FØR bruk. Fryseboksane er klargjort til bruk på gass. Skru av fryseboks og kople frå gass når ikkje i bruk, og når ein forlèt hytta ved leigeslutt. 

Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Det skal brukast rein bensin (95) utan tilsett olje. Bensin må brukar ta med sjølv. Motoren blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom begge avdelingane i hytta leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står i denne e-posten. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!