Fjellstyret
På Hardangervidda i Nore og Uvdal kommune ligg Øvre Numedal Statsallmenning. Statsallmenninga har eit areal på 411 000 daa og utgjer den vestre delen av kommunen. Statsallmenninga er eigd av staten, men rettane til allmenningsbruk ligg til bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. For Øvre Numedal statsallmenning gjeld dette personar busette i Rollag kommune, Nore og Uvdal kommune samt Dagali og Søre Skurdalen i Hol kommune.
Bruken av fjellet har lange historiske røter og har vore avgjerande for busetnaden i bygdene. Desse rettane vert forvalta gjennom fjellova og sidan det er bruksrettar knytte til fleire bygder enn den kommunen statsallmenninga ligg i, er Øvre Numedal Fjellstyre eit såkalla forsterka fjellstyre med 7 medlemer, fordelt med to representantar frå Rollag, to frå Nore, to frå Uvdal og éin representant frå Dagali og Søre Skurdalen i Hol.
Primæroppgåvene til eit fjellstyre er å administrere bruksrettane mellom dei bruksberettiga, ta vare på interessene til dei bruksberettiga i allmenningane og syte for at statsallmenningane vert brukt på ein best mogleg måte for allmenningsbygdene.
Innanbygdsbuande med bruksrett har høve og fortrinnsrett på villreinjakt, småviltjakt (med hund), garnfiske samt beitebruk (fleire krav, ref. fjellova).
Innanfor statsallmenninga har fjellstyret 15 eigne husvære fordelt på 9 steinbuer med enkel standard og 6 allmenningshytter med god standard.
Jakt, fiske og hytter
Jakt i Øvre Numedal
Fjellstyret forvaltar jakta på Øvre Numedal Statsallmenning. Vi tilbyr jakt på småvilt, elg og villrein i høgfjellsterreng. Kvart år i april opnar fjellstyret for søknad om jaktkort via iNatur.
Lei en hytte i Øvre Numedal
I Øvre Numedal statsallmenning tilbyr vi hytter som gjev deg trygg og enkel overnatting. Vi har 6 allmenningshytter med god standard og 9 steinbuer med enkel standard. Hyttene våre er godt plasserte i terrenget, med basisfasilitetar og nærleik til fiske-, jakt- og turterreng. Det perfekte utgangspunktet for ekte fjelleventyr. Hyttene er avlåste og må bestillast på iNatur, mens steinbuane er opne.
Fiske i Øvre Numedal
Ta fiskelukka med deg til Øvre Numedal. Her ventar noko av det beste fisket på Hardangervidda, med spektakulært stangfiske i øvre delar av Lågen. Fiskekort kan kjøpast på iNatur. For innanbygdsbuande vert det selt kort til garn- og oterfiske. Fjellstyret har båtar til lån, dissa er førebehaldne til garnfiskebruk.