Reinsjakt utanbygds

Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. Fjellstyret vurderar kvart år om det vert gjeve tilbod til utanbygds jegerar. Informasjon om dette kjem på desse sidene saman med informasjon om korleis du skal søkje på kort som utanbygds jeger.

Informasjon om reinsdyrjakta 2024:

Røldal FS kjem mest sannsynleg til å leggje ut eit avgrensa tal på fellingsløyve til utabygds jegerar i 2024. Endeleg avgjersle vert tatt når fellingskvotane er bestemt. 
 
Røldal Fjellstyre opnar likevel allereie no for søknadar på fellingsløyver, slik at ein kan tildela eventuelle fellingsløyver ut frå ei trekningsliste i byrjinga av mai. Søknad skal i år sendast direkte på mail til fjellstyret: roldal@fjellstyrene.no innan 26. april.
 
Søknaden må innehalde namn, telefonnummer og adresse. Verte ein tildelt fellingsløyve, må ein vise fram betalt jegeravgift, samt betale fellingsløyva innan ein kort frist. Ein får tilsendt eit tidsavgrensa tilbod på mail. Fjellstyret vil ikkje gje noko varsel utanom dette.
 
Røldal Fjellstyre gjer merksam på at ein ved å søkje på jakt hjå eit fjellstyre godtar at namn, adresse, postnummer, poststed og tildelt tilbud kan bli offentliggjort. 
Ved å søke på jakt plikter du å sette deg inn i bestemmelsar for søknad, trekning og utøvelse hjå Røldal Fjellstyre.

 
Jaktlagsavtale

Forskrift om telting i jakta

Jegerinformasjon 2020

Sanksjonar ved lovbrot på Statsallmenning