Fjellstyret tar imot søknader elektronisk på roldal@fjellstyrene.no
Dette gjeld søkjerar som føler dei passar inn i kategorien «innanbygdsjeger» eller «utflytt Røldøl». Alternativt kan søknaden gjerast skriftleg ved å fylle ut skjema og levere i postkassa. Søknad må vere levert innan 26. april.
Hovudregelen er at alle må ta ut to fellingløyver på nord. Ein kan også samtidig søkje, og verte tildelt kort på syd. (Totalt tre trekningslister: fellingsløyve nord, fellingsløyve bukk syd, fellingsløyver simle/ungdyr syd). Jeger er sjølv ansvarleg for å opplyse om kva trekningslister han søker på. Om dette er uklart i søknaden, avgjer fjellstyret for jegeren.
NB! Gjeld innanbygdsjegerar: Om du ynskjer å søkje om kort som fyrstegongsjeger, eller vil søkje om å ta ut eit redusert antal kort (student, eldre/ufør eller ektepar/samboar), MÅ du opplyse om dette på søknaden.