Reinsjakt utanbygds

Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknadsfrist for jaktkort er 2. mai. Fjellstyret legg opp til søknadar på Inatur.no i år. Søknadar utanom dette vert ikkje handsama. Dersom du har problem med å søkje på denne måten-ta kontakt med fjellstyrekontoret.

Søknadsfrist var 2. mai. Trekkinga blei gjennomført 11. mai 2022. Dei som er tildelt kort i fyrste trekkingsomgang har fått tilsendt sms og epost om dette. Ulvik fjellstyre har vedtak om å tildele  30 kort til utanbygdsbuande jegerar på Osafjellet. 
Dersom nokon takkar nei til tilbodet om kort vil det bli tildelt frå ventelista.
Sjå trekkingsresultat og varaliste under.