Velkommen på jakt hos Ullensvang statsalmenning
I Ullensvang statsallmenning får du jaktopplevingar i storslått høgfjell.
Småviltjakt
Nesten alt arealet ligg over 1000 m.o.h. Mesteparten av statsallmenninga ligg i Hardangervidda nasjonalpark. Ikkje bilveg verken til eller i i området. Me reknar 6-8 timar gangtid for å koma inn Ullensvang statsallmenning. Det er difor ikkje særleg mange småviltjegerar her.
I Ullensvang statsallmening kan du jakta på rype, hare, ender og raudrev. Her er både lirype og fjellrype. Rypa har vore freda dei siste åra, men det er opna for jakt frå og med hausten 2018. Rypejakt både med og utan hund. Sjå reglar og prisar på salssida på Inatur.
Elgjakt
Ullensvang fjellstyre tilbyr elgjakt i Ullensvang statsallmenning på elgvald som vart godkjendt i 2011. Alt teljande areal ligg mellom ca 1000 m.o.h. opptil 1200 m.o.h. Sidan oppstart i 2012 har det stort sett blitt felt dyr kvart år (sjå fellingsdata i Hjorteviltregisteret).
Beste området for jakta er i området rundt Hansbu, langs Kvenna eit stykkje vestover mot Kvennsjøen, heile Låven og Bjørnadalen ned mot Jakobsbuvatnet og til grensa mot Telemark. Truleg har elgane kome inn i Ullensvang statsallmenning frå Telemark. I Jakobsbudalen og området rundt Hansbu - Låven er det no elg meir eller mindre heile året.
Reinsjakt innanbygdsbuande
Tildeling av reinsjakt på statsallmenning er regulert etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknad om reinsjakt skal sendast via Inatur.
Søknadsfrist for reinsjakt var 2. mai.
Frå og med jakta 2025 er dei grensene til fredningssonene justert. Sjå kart over statsallmenningen med dei justerte fredningssonene under.
Reinsjakt utanbygds
Tildeling av villreinjakt på statsallmenning er regulert etter § 23 og 24 i Fjellova. Søknadsfrist for reinskort var 2. mai.
Det er ikkje mogleg å få kjøpt kort frå Ullensvang fjellstyre utanom søknadsordninga.