• VELKOMMEN TIL FJELLOPPSYNET PÅ HARDANGERVIDDA

    Eit eldorado for jakt, fiske og friluftsliv!

Fjelloppsynet

Alle Fjellstyra på Hardangervidda har gått saman om å drifte Fjelloppsynet. Det vil seie at alle tilsette er tilsett i Fjellstyra på Hardangervidda. Hardangervidda Fjelloppsyn er namnet som vert bruka på oppsynsdelen av selskapet. Fjelloppsynet utfører ulike arbeidsoppgåver for Fjellstyra og andre. Meir om fjelloppsynet i Noreg kan du lese her.

Arbeidsoppgåvene kan vere:

Kontrollverksemd:Fjelloppsynet handhevar miljøloverket i statsallmenningane på Hardangervidda.  Dette gjeld mellom anna vernereglane for nasjonalparken, reglar for utøving av jakt og fiske og bruk av motoriserte framkomstmiddel.

Informasjon: Fjelloppsynet gir informasjon og rettleiing til ulike brukargrupper.  Dette kan vera forslag til tur og løypeval, fiskeforhold, kulturminner, historikk og orientering om gjeldane regelverk.

Skjøtselsoppgåver: Fjelloppsynet utfører vedlikehald av fjellstyrehytter og transport av ved og utstyr til desse.  Ein utfører også fiskeundersøkelsar og fiskeutsettingar samt generelt tilsyn og skjøtsel i nasjonalparken.

Naturfaglige registreringar: Fjelloppsynet bistår forsknings- og forvaltningsinstitusjonar med innsamling av data.   Dette gjeld mellom anna villrein, fjellrev, fisk, vegetasjon, kulturminner og vatnkvalitet. Les meir under våre oppdragsgjevarar.

Sekretariat: Tilsette i fjelloppsynet er sekretærar for dei fjellstyra som ynskjer dette.

Våre oppdragsgjevarar: Fjellstyra, Hardangervidda Grunneigarsamskipnad, Miljødirektoratet, NVE, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Vinje kommune, NINA, NMBU og NIVA.

Fjellstyra på Hardangervidda

Fjellstyra på Hardangervidda forvalter rundt 50% av arealet innenfor Hardangervidda nasjonalpark. Samarbeidet omfattar Eidfjord, Ulvik, Ullensvang, Røldal, Rauland og Øvre Numedal fjellstyre. Fjellstyra sikrer lokal forvaltning av statsallmenningane som tilhøyrer staten. Selv om staten eier allmenningane ligg retten til bruken av statsallemenningane til dei bygdene som ligg nærmast. Statsallmenningane har stor betydning som grunnlag for næring og busetjing i mange lokalsamfunn. I tillegg er statsallmenningane svært viktige rekreasjonsområde for både lokalbefolkning og tilreisande gjennom allemannsretten.

Primæroppgavar for eit fjellstyra er å administrere bruksrettar de bruksbrettiga imellom, ivareta de bruksberettiga interesser i allmenningane og sørge for at statsallmenningane blir brukt på best mulig måte for allmenningsbygdene. Forvaltningen skal skje på en måte som tar hensyn til naturvern- og friluftsinteressar.

Kontakt fjelloppsynet