Hytter Røldal fjellstyre

Røldal fjellstyre eig og driftar 3 hytter i Røldal Statsallmenning.

Røldal fjellstyre forvaltar tre hytter som nyttast flittig i samband med jakt og fiske:
  • Ninive (Holmevassbu) som ligg i vestenden av Holmavatnet ved ruta til Litlos.
  • Hedlevassbu ("Gamlabua") ligg like nord for turisthytta ved Øvre Hedlevatn.
  • Eriksbu er husværet nord for Nedre Hedlevatnet, rett sør for Sandvikenuten.

Fjellstyret har nøkkelboks på kvar hytte. Kodane vert skifta ved ujamne mellomrom. Sjekk med fjellstyremedlem om kva koden er før du reiser inn!

NB: Fjellstyret har garn, båt og eit avgrensa utval redningsvestar til låns på alle hyttene!