Reinsjakt utanbygds

Villreinjakta er regulera etter § 23 og 24 i Fjellova. På Rauland statsallmenning kan personar som siste år har vore og framleis er busett i gamle Rauland kommune søkje om reinsjakt. Det vert og opna for eit avgrensa sal til utanbygds med same søknadsfrist. Tildelinga av kort skjer etter trekking. Søknadsfrist for jaktkort er 2. mai 2019. Søknadar som kjem inn på andre måtar enn via Inatur.no vert ikkje handsama.

Til deg som har søkt reinsjakt på Rauland Statsallmenning 2019

Alle kort er no fordelte og dei som ikkje har fått tilbod vil heller ikkje få det. Lykke til neste år!!

Dei som har fått tilbod om kort vil få desse tilsendt i posten med tilhøyrande informasjon og prøvesett

for CWD.


Jakttida vert frå 10 august tom 22 september


Meir informasjon om jakta 2019 vert sendt ut til dei som får tilbod om fellingsløyve.

 

Jegernummer for kontakt med fjellstyret i jakta: 46 84 78 24


Informasjon du bør skrive ut og ha med deg på jakt:

Informasjon til utanbygds jegerar 2019

Informasjon om skrantesjuke (CWD)- obligatorisk prøveinnsamling


Kart over området


Fellingsresultat 2016

  Kalv 1 1/2 år    2 1/2 år og eldre    Sum
Han 7 4 8 19
Ho 4 4 17 25
Sum 11 8 25 44

Prisar på villreinjakt

Innanbygds Pris Utanbygds Pris
Kalv 600,- Kalv 1200,-
Simle/ungdyr 1600,- Simle/ungdyr 3200,-
Fritt dyr/Vaksen bukk 2400,- Fritt dyr 4800,-

 

ø