Trekkingsresultat reinskort Odda fjellstyre 2019

Odda fjellstyre har gjennomført trekking av reinskorta. Trekkingsresultatet ligg under.

Dei som er tildelt kort, og ynskjer å ta i mot korta, betalar inn til Odda fjellstyre sin konto 3658.07.59216 innan måndag 1. juli 2019. Skriv i merknadsfeltet kven du betalar for.

Dei som er tildelt to kort kan velje å berre ta ut eit kort. Dei betalar då 1.900,-. Dersom dei vel å ta ut to kort betalar dei 3.800,-. Dersom det er nokon av dei som er tildelt to kort som vel å berre ta ut eit kort, blir kortet tilbydt til dei neste på lista.