Fjellstyra på Hardangervidda as er heileigd av dei 7 fjellstyra på Hardangervidda og Hardangervidda Grunneigarsamskipnad og har arbeidsgjevaransvaret for fjelloppsyn i området. Dei tilsette står for dagleg drift av fjellstyrekontor, skjøtselsoppgåver, naturfaglege registreringar, informasjonsarbeid samt oppsyn med miljølovverka. Det blir også utført arbeid på oppdrag frå Statens naturoppsyn og fleire forvaltnings- og forskingsinstitusjonar. Den operative verksemda ber namnet Hardangervidda Fjelloppsyn.

 Fjelloppsyn, 100 % stilling

Vår medarbeidar skal gå over i anna stilling og me søkjer etter ny medarbeidar med tittel fjelloppsyn.

 Arbeidsoppgåver:

  • Sekretariat og dagleg drift av fjellstyra som forvaltar Ullensvang statsallmenning (Odda fjellstyre, Ullensvang fjellstyre og Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning) Herunder sakshandsaming og dagleg drift av fjellstyrekontor, service og kontakt med brukerane av statsallmenningen.                  
  • Skjøtselsoppgåver i statsallmenningane (transportar, vedlikehald av hytter, fiskekultivering og liknande).
  • Naturoppsyn. Informasjonsarbeid. Handheving av miljølovverka, jakt- og fiskeoppsyn.
  • Arbeid med naturfaglege registreringar.

 Andre oppgåver kan kome i tillegg. Arbeidsoppgåver blir tillagt gjennom heile året med høgsesong sommar og haust.   Arbeidet vil i hovudsak føregå på Hardangervidda, men oppgåver kan også kome i tilgrensande områder.

Kvalifikasjonar:

  • Det vert lagt vekt på utdanning og erfaring innan utmarksforvaltning, sakshandsaming, naturoppsyn og anna feltarbeid. God munnleg og skrifteleg framstillingsevne er naudsynt.
  • Personleg eignaheit blir tillagt vekt.
  • Særleg relevant erfaring kan til ein viss grad vege opp for kravet til formalkompetanse.

Lokalisering:

Hovudkontoret er lokalisert i Kinsarvik i Ullensvang herad. Det må også påreknast noko kontortid i Odda.

Arbeidstakaren må disponere bil egna til arbeidet. Bruk av bil blir godtgjort.

Ein ber om at det går fram om ein har erfaring med snøskuterkøyring.

Arbeidstakar som manglar førarrett for klasse S (snøskuter) og BE (personbil med hengar) må koste sertifisering sjølv. Det same gjeld om ein er fødd etter 01.01.1980 og ein manglar båtførarbevis.

Det er ein føresetnad at søkjaren kan tildelast begrensa politimyndigheit.

Stillinga har 6 månader prøvetid. Lønn etter avtale.

 

Søknad med CV og attestar skal sendast som e-post til Fjellstyra på Hardangervidda as. Adressa er: hardangervidda.fjelloppsyn@fjellstyrene.no

Spørmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Georg Gjøstein tlf 90213630

 

Søknadsfrist 27.01.17