Odda fjellstyre har fått nettside!

På nettsida www.hardangervidda-fjellstyra.no er det samla informasjon om alle statsallmenningane på Hardangervidda. Det blir frå no av lagt ut informasjon knytt til Odda fjellstyre på denne nettsida. Sida er delt inn etter statsallmenningane, så under fanen Ullensvang ligg sidene for Odda fjellstyre, Ullensvang fjellstyre og Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning. 

Nettsida til Odda fjellstyre vil bli fylt med innhald etter kvart. No i starten er det lagt ut informasjon om leige av hyttene til Odda fjellstyre i jakta, og utleige av lagerkassar på Belebu og Bjørnavassbu. Fristen for å søke om leige av hyttene i jakta, og å opprette avtale om leige av lagerkassar er sett til 15. juni.