Elgjakt i Ullensvang SA

Ullensvang fjellstyre tilbyr elgjakt i Ullensvang statsallmenning på  elgvald som vart godkjendt i 2011. Alt teljande areal ligg mellom ca 1000 m.o.h. opptil 1200 m.o.h. Totalarelet på valdet er omlag 285000 daa, av dette er teljande areal omlag 46000 daa, noko som gjer at det vert tildelt inntil 2 dyr. Sidan oppstart i 2012 har det stort sett blitt felt dyr kvart år (sjå fellingsdata i Hjorteviltregisteret).

Beste området for jakta er  i området rundt Hansbu, langs Kvenna eit stykkje vestover mot Kvennsjøen, heile Låven og Bjødnadalen ned mot Jakobsbuvatnet og til grensa mot Telemark. Truleg har elgane kome inn i Ullensvang statsallmenning frå Telemark. I Jakobsbudalen og området rundt Hansbu - Låven er det no elg meir eller mindre heile året.
Jakta har blitt tildelt for åra 2022 og 2023. Neste søknadsomgang er våren 2024.