Ullensvang statsallmenning

Ullensvang statsallmenning (819 000 daa) ligg i Ullensvang kommune i Hardanger. Jakt-, fiske- og beiterettane i området blir forvalta av Ullensvang fjellstyre.

Ullensvang statsallmenning ligg på vestre deler av Hardangervidda. Det meste av arealet ligg i Hardangervidda nasjonalpark. Dei mest vanlege innfartsårene er Valldalen og Haukeliseter i sør (frå E134), og Tinnhølen i nord (frå Rv. 7).

Jakt, fiske og hytter

Jakt i Ullensvang

Ullensvang fjellstyre tilbyr jakt på villrein, elg og småvilt.

Her finn du meir informasjon om jaktmogelheitane i statsallmenninga.

Fiske i Ullensvang

I Ullensvang statsallmenning ventar eit eldorado for deg som likar fiske. Over 200 fjellvatn og elvar byr på aure av beste kvalitet – frå blanke høgfjellsvatn til sildrande bekker.

Her kan du nyta roleg stongfiske, leiga båt ved utvalde vatn, eller for dei med garnfiskekort – ta del i tynningsfiske i utvalde område. Slik er du òg med på å sikra sunne og livskraftige fiskebestandar.

Alle over 16 år treng fiskekort, og fangstrapport er obligatorisk – enkelt, nyttig og til beste for naturen.

Leig ei hytte i Ullensvang

Ullensvang fjellstyre leiger ut enkle, trivelege hytter frå 1. juli til 31. oktober. Her finn du meir informasjon om hyttene, og korleis ein kan leige dei.

Siste nytt