Fjelloppsynet
Alle Fjellstyra på Hardangervidda har gått saman om å drifte Fjelloppsynet. Det vil seie at alle tilsette er tilsett i Fjellstyra på Hardangervidda. Hardangervidda Fjelloppsyn er namnet som vert bruka på oppsynsdelen av selskapet. Fjelloppsynet utfører ulike arbeidsoppgåver for Fjellstyra og andre. Meir om fjelloppsynet i Noreg kan du lese her.
Arbeidsoppgåvene kan vere:
Kontrollverksemd:Fjelloppsynet handhevar miljøloverket i statsallmenningane på Hardangervidda. Dette gjeld mellom anna vernereglane for nasjonalparken, reglar for utøving av jakt og fiske og bruk av motoriserte framkomstmiddel.
Informasjon: Fjelloppsynet gir informasjon og rettleiing til ulike brukargrupper. Dette kan vera forslag til tur og løypeval, fiskeforhold, kulturminner, historikk og orientering om gjeldane regelverk.
Skjøtselsoppgåver: Fjelloppsynet utfører vedlikehald av fjellstyrehytter og transport av ved og utstyr til desse. Ein utfører også fiskeundersøkelsar og fiskeutsettingar samt generelt tilsyn og skjøtsel i nasjonalparken.
Naturfaglige registreringar: Fjelloppsynet bistår forsknings- og forvaltningsinstitusjonar med innsamling av data. Dette gjeld mellom anna villrein, fjellrev, fisk, vegetasjon, kulturminner og vatnkvalitet. Les meir under våre oppdragsgjevarar.
Sekretariat: Tilsette i fjelloppsynet er sekretærar for dei fjellstyra som ynskjer dette.
Våre oppdragsgjevarar: Fjellstyra, Hardangervidda Grunneigarsamskipnad, Miljødirektoratet, NVE, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Vinje kommune, NINA, NMBU og NIVA.
Fjellstyra på Hardangervidda
Fjellstyra i Hardanger forvaltar store delar av Hardangervidda – eit av Noregs mest verdifulle høgfjellsområde der natur, kultur og tradisjon møtest. Gjennom arbeidet med jakt, fiske, beite og friluftsliv legg fjellstyra til rette for at alle skal kunna bruka og oppleva fjellet på ein berekraftig måte.
Samarbeidet omfattar Eidfjord, Ulvik, Ullensvang, Røldal og Rauland fjellstyre, samt Øvre Numedal fjellstyre. Desse fjellstyra har eit felles mål: å ta vare på naturen, tradisjonane og dei opne fjella for framtidige generasjonar.
For fjellstyra i Hardanger handlar forvaltning ikkje berre om reglar og rettar – det handlar om respekt for fjellet, for dei som ferdast der, og for naturen som gjev oss alt tilbake.