Hvem er Fjelloppsynet?

Hardangervidda Fjelloppsyn består av fem engasjerte medarbeidarar med fjellet som arbeidsplass og livsstil. Frå hovudkontoret i Ulvik og kontorstadene i Kinsarvik, Øyfjell og Rødberg har dei ansvar for både feltarbeid, registrering, tilsyn og skjøtsel – og dei sørgjer for at fjellet vert teke vare på med kunnskap og respekt.

I tillegg driftar Fjelloppsynet sekretariata for fleire av fjellstyra på Hardangervidda. Med solid lokalkunnskap og nærleik til naturen jobbar dei kvar dag for å halde fjellet levande – til glede for både menneske, dyr og natur.