Røldal Statsallmenning
Røldal statsallmenning ligg sørvestsida av Hardangervidda mot grensa til Telemark, og strekker seg nedover i den nordlege delen Setesdal-Ryfylke villreinområde, til fylkesgrensa mot Rogaland. Her finn du Sandfloegga (1721 moh.), den høgaste toppen innanfor Hardangervidda nasjonalpark. I statsallmenninga har ein framleis stølar i drift på Haukelifjell, noko som bidreg til eit levande kulturlandskap der geitene framleis gjev mjølk til geitost – slik dei har gjort i generasjonar.
Fjellnaturen kring Røldal består av mange høge toppar, blankskurte fjell, og framleis ei snøfonn eller to. I dei meir sentrale delene av statsallmenninga, finn ein relativt greier fiskevatn. Utforsk, nyt og opplev – men gjer det med varsemd. Hjelp oss å ta vare på fjellet, slik at det held fram med å gje glede til nye generasjonar.
Kva kjenneteiknar Røldal statsallmenning
Omfang og naturmangfald: Røldal statsallmenning strekkjer seg over 349 000 dekar sørvest på Hardangervidda, med majestetiske fjell, vide vidder og dalføre som delvis ligg innanfor nasjonalparken. Her finn du både frodige stølsområde og det høgaste punktet på vidda – Sandfloegga (1721 moh.) – omgitt av eit rikt og variert fjelløkosystem.
Fiske i fjellvatn og elvar: I Røldal statsallmenning finst det fleire vatn og elvar med ein aurebestand. Her kan du prøva stongfiske i klåre høgfjellsvatn eller garnfiske der det er opna for det. Fangstrapportering er med på å sikra berekraftig forvaltning og gode fiskemoglegheiter også i framtida.
Jakt – småvilt og storvilt: Røldal byr på jaktopplevingar i høgfjellsterreng. Du kan jakta fjellrype og smårovvilt – eller søkja om deltaking i den tradisjonsrike villreinjakta på Hardangervidda. Terrenget er variert, ope og krevjande, med høve til både ro og spenning.
Stølsdrift og kulturarv: Fire stølar ligg innanfor allmenningen, to av dei med drift om sommaren langs gamlevegen over Haukelifjell. Her held tradisjonane fram – med geitemjølk som vert til ysta til geitost. Dette gjev Haukeli eit levande kulturlandskap og ei sterk tilknyting til historia.
Hytter og friluftsliv: Fjellstyret forvaltar hytter og stølsområde som gjev deg ein unik sjanse til å oppleva fjellet på nært hald. Her kan du nyta stillheita og finne roen i fjellområdet sydvest på Hardangervidda.
Forvaltning med respekt for naturen: Røldal fjellstyre arbeider for å ta vare på naturen, tradisjonane og bruken av allmenningen. Her står lokal forankring, berekraft og respekt for fjellet i sentrum – slik at naturen kan gje like store opplevingar til framtidige generasjonar.
Breifonn statsallmenning
Historikk: Ved Høyfjellskommisjonen sin kjennelse av 2. september 1931 i Ryfylke-Bykleforretningen 3. felt og tilleggskjennelse av same dato i Røldalsforretningen 1. felt, vart eit område ved Breifonn kjent å være statsallmenning. Breifonn statsallmenning har fram til 23.april 2024 vore uten fjellstyre.
Etter initiativ frå Røldal fjellstyre, vart området «innrullert» i ordinær modell etter fjelloven. Det er no avklart at den delen av Breifonn statsallmenning som ligger i Ullensvang kommune, frå no skal forvaltast av Røldal fjellstyre jf. fjellova § 3. – og at den delen av Breifonn statsallmenning som ligger i Suldal kommune, forvaltast av Suldal fjellstyre jf. fjellova § 3.
Omfang og naturmangfald: Delen av statsallmenninga som ligg innanfor Ullensvang kommune, og Vestland fylke, har eit areal på 9.6 km2. Breifonn er den sydlegaste isbreen i Norge, og den einaste i Rogaland fylke. Som ein konsekvens av eit varmare klima, har det dei seinare åra minka mykje på isbreen. Det er no svært lite att av denne, og truleg vil den forsvinne heilt eit av dei næraste åra. Når isen forsvinn, kjem det fram blankskurte fjell og steinurer.
Jakt og fiske: Fjellstyret sel jakt og fiskekort på Røldal Statsallmenning. Desse løyvene kan også nyttast på den delen av Breifonn statsallmenning som ligg innanfor Ullensvang kommune. Fjellstyret gjer merksam på at det ikkje er fisk innanfor Breifonn statsallmenning.
Jakt, fiske og hytter
Jakt i Røldal
Innanfor Røldal statsallmenning har du moglegheit til å kjøpe jaktkort. Her kan du jakta rjupe og smårovvilt variert terreng. Sal av fellingsløyver skjer på Inatur. For villreinjakt på Hardangervidda, skjer tildeling via eigen søknad, dei åra kvota tillet det. Eventuelle søknadsperiodar vert opplyst på heimesida og andre aktuelle kanalar.
Fjellstyret anbefaler alle å setje seg inn i jaktreglane, før ein kjøper løyver.
Fiske i Røldal
Røldal statsallmenning har mange fjellvatn og elvar. Dei fleste av desse er fisketomme. Til lågare ein befinn seg i statsallmenninga, til større er sjansen for at det er fisk i vatna. Fjellstyret sel fiskekort igjennom Inatur.
Fangstrapportering er påkrevd — det hjelper med å sikra at fiskebestandane held seg sterke og sunne.
Alle over 16 år treng gyldig fiskekort, og fiskereglane skal leggje til rette for eit ansvarleg og berekraftig fiske.
Fjellstyrehytter i Røldal
Fjellstyret i Røldal har tre enkle hytter i statsallmenningen. Desse vert brukt i samband med jakt og fiske. For å ivareta omsynet til reinsdyra på Hardangervidda, så vert ikkje hyttene utleigd kommersielt. Hyttene er stengt f.o.m. 15. oktober til 15. juni. Dette slik at fjellstyret ikkje bidreg til unødvendig aktivitet i den mest sårbare perioden for villreinen.
Møtebøker, årsmeldingar o.l.
Fjellstyret publiserer møtebøker og årsmeldingar her på heimesida. Her vil ein også finne informasjon om komande fjellstyremøter, samt at ein nyttar sida til å førehandsvarsle vedtak, i dei tilfella der dette er påkrevd.