Fiske i Ulvik statsallmenning
I Ulvik statsallmenning ventar eit nettverk av klare fjellvatn og stille elvar fulle av aure, klare til å lokka deg med fiskeglade utfordringar. Med fiskekort i handa kan du nyta roleg stongfiske eller prøva fluge ved vaking – med naturen som einaste selskap. Ta turen, kjenn på spenninga og la stilla over vatnet bli ein del av opplevinga.
I Langavatn er det god bestand av fisk med snittvekt på mellom 500 og 700 gram, og det er ikkje uvanleg å få fisk som veg mellom 1 og 1,5 kilo. Her fungerer sluk, spinnar og fluge særleg godt – spesielt i den inste og austre delen av vatnet.
Memorgevatna er små, idylliske fjellvatn der fisk over 1 kilo er vanleg. Området er kjent som eit fint fiskeområde, og her får du gode fangstar både med sluk, spinnar og fluge.
I Austdalsvassdraget finst det mange små loner og vatn med fisk som ofte veg over 1 kilo. Dette er eit eldorado for flugefiskaren – her er flugefiske rett og slett fantastisk!
I Fløyelsvatnet og dei nærliggande vatna ligg snittvekta gjerne mellom 1 og 2 kilo. Her bit fisken godt på sluk, og ved vakande fisk er fluge eit sikkert val.
Viktig informasjon om fiske
Generell beskrivelse
Kortet gjev tilgang til fiske i alle vatn i Ulvik statsallmenning. Det er omlag 20 vatn og 50 km elv med aure. Røye finnast i delar av Ustekveikje vassdraget.
Fiskebestand
Aurefisket i statsallmenninga er godt, fisk rundt kiloet vert fanga med jamne mellomrom. Fisken er av god kvalitet, med fin raudfarge i kjøtet. I Finsevatn er det ein bestand av røye, heller småfallen. Her er det ope for garnfiske, båt og garn er tilgjengleg.
Fisketips
Fiskesesongen startar sjeldan før eit stykke ut i juli, isen kan ligge lenge på dei høgtliggande vatna. Sluk og spinnar er mest nytta, men under gode vertilhøve kan ein og få bra uttelling med flogestang.
Generelle regler
Innehaver av fiskekortet er sjølv pliktige til å gjere seg kjendt med gjeldande fiskereglar og grenser. Når fiskekortet er bestilt, kan det ikkje kreves refusjon for betalt avgift. Fisketida er heile året. HUGS Å SENDE INN FANGSTRAPPORT!!
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Ulvik statsallmenning ligg nordvest for Hardangervidda nasjonalpark, og har eit totalareal på 400.000 daa. Av dette er mest høgfjell og resten er isbre (20.000 daa).