Kontakt Rauland Statsalmenning
Rauland statsallmenning forvaltar eit heilskapleg fjellområde i Vinje, med omsyn til natur, friluftsliv, jakt, fiske og stølsdrift. Me arbeider for berekraftig bruk og naturvern, slik at fjellet kan gje glede til både dagens og framtidige generasjonar.
Kontaktinformasjon Fjellstyret
Leiar
Tor-Aage Dale
E-post: tor.aage.dale@hotmail.com
Telefon: (+47) 913 92 068
Fjellstyremedlemmer 2024-2027:
Medlem: Varamedlem:
Tor-Aage Dale Kjersti Torvetjønn
Ane Killingtveit (nestleiar) Hilde Hovden
Marius Aksvik Svein Loftsgarden
Madeleine Hestdalen. Trond Arild Pedersen
Halvor Fehn Arvid Juvland
Kontaktinformasjon Fjellstyrekontoret
Fjelloppsyn/sekretær
Rune Aarhus
Telefon: (+47) 949 78 532
epost: rauland@fjellstyrene.no
Adresse:
Heimigardsvegen 92
3890 Vinje
Jegertelefon
Rune Aarhus
Telefon: (+47)46 84 78 24
Jegertelefonen er berre aktiv i reinsjakta og er oppretta for at jegerar kan nytte dette nummeret for kontakt med fjellstyret i jaktrelaterte spørsmål.
Betaling
Bankkonto i Tinn Sparebank: 2620 27 01336
Vipps nummer: 114646
Dugnadsarbeid
Ynskjer du å vere med på dugnad for fjellstyret?? Det blir laga dugnadslister årleg. Dette er viktig for økonomien til fjellstyret. Innanbygds bidreg ofte med dette for å halde prisane nede og hyttene i god stand. Dugnadslisten vert normalt sett opp mot slutten av året. Send ein epost til rauland@fjellstyrene.no om du er interessert i dugnad- så blir du sett på lista!! Dugnad inneber i utgangspunktet jobb på hyttene som er alt frå dotømming, nedvask, snekring, innlagring av ved, utkøyring av søppel, vedlikehald solcelleanlegg mm.
For å ta dugnad må du underskrive på eigenerklæring og gjennomgå risikoanalyse. Særskilt gjeld det dei som må gjennomføre dugnad vinterstid med skuter, her stiller me høge krav til bla kunnskap og lokalkjennskap.
Slik kjem du hit
Rauland statsallmenning når du lettast frå Songavatnet (Trolldalsdammen). Sommarstid køyrer du heilt til dammen og parkerar her. Det er flotte båtutsett tilgjengelege her. Det er avgift for å køyre på Songavegen, automatisk bomstasjon.
Vinterstid er det god parkeringsordning med vipps betaling ca 1km inn Songavegen.
For å kome inn til våre hytter må du rekne ca 1,5 times gange til Saltpytt dersom du tek båt til Våjordsvollen. Til meinsvatn er det 3-4 timar avhengig av oppakning og form. Har du ikkje båt går det fint å gå frå Trolldalsdammen. Du må då rekne deg ein god time ekstra.
Vinterstid må du i tillegg rekne med å gå frå fylkesvegen til dammen.