Fiske i Røldal statsallmenning
I Røldal statsallmenning er det mange vatn og elvar. Dei fleste av desse er fisketomme. Det er likevel slik at ein finn fisk i dei fleste vatna under 1200 m.o.h.
Fiskekort er naudsynt for alle over 16 år, og fangstrapportering bidreg til at bestandar held seg sterke og sunne i generasjonar. Med respekt for naturen, og med kortet i orden, får du ein del av ein tradisjon som ber på historia om fjell og vatn.
Fiskekort får ein kjøpt på Inatur. Me oppmodar alle om å setje seg inn i fiskereglane før ein kjøper fiskekort.
Det er også mogleg å fiske på Røldal statsallmenning om ein kjøper fellesfiskekortet for statsallmenningane på Hardangervidda vest. Viss dykk gjer dette, så set fjellstyret veldig pris på om dykk i etterkant kan rapportere at fiskekortet vart nytta på Røldal statsallmenning.
Fjellstyret leiger fiskeretten på Statskog sin eigedom Svandalsflona ved Votna. Her kan ein fiske med det same fiskekortet som gjeld på Røldal statsallmenning. I Votna vert det også seldt eit eige garnfiskekort. (Me gjer merksam på at dette berre gjeld i eit avgrensa område i vatnet.)
Fjellstyret ynskjer å understreke at det er strengt forbode å flytte fisk frå eit vatn til eit anna. Det er påvist ørekyte i Votna og Ståvatn. Ein må for alt i verden unngå at ørekyta spreiar seg til andre vatn.
Fjellstyret gjer merksam på at det ikkje er fisk i nokon av vatna innanfor Breifonn statsallmenning.
Kjøp fiskekort her:
Fiskereglar i Røldal statsallmenning
Generelle reglar:
Alle over 16 år må løyse fiskekort. Ungdom under 16 år som vil fiske med garn må kjøpe sesongkort garnfiske - men får summen refundert ved å kontakte fjellstyret
Det er ikkje lov å nytte anna fiskereiskap enn handsnøre, stang, garn, oter eller liknande. Line og ståkrok er forbode. Bruk av garn og oter er eksklusivt for innanbygdsbuande.
Det er forbode å flytte fisk frå eit vatn til eit anna. Fjellstyret gjer merksam på at det er påvist ørekyte i Ståvatnet og Votna.
Kort for stongfiske gjeld for Statskog sin eigedom ved Svandalsflona, i tillegg til Røldal statsallmenning og den delen av Breifonn statsallmenning som ligg i Vestland fylke. Dette området er vist i det skraverte feltet på salssida på Inatur. Fjellstyret gjer merksam på at det ikkje er fisk i Breifonn statsallmenning.
Alt fiske er tillate heile året.
Det er ikkje lovleg å sette garn nærare innfalls- eller utfallsos enn 50 meter. Garna må heller ikkje nyttast i elvar, bekker eller loner (tjørnliknande utvidingar av vassdrag).
Garna skal ha ei maskevidde som er større eller lik 35 mm (18 omfar) mellom knutane når garnet er vått, unnateke i vatn nemnd i spesielle reglar.
Det er tillate å fiske med inntil 5 garn, unnateke vatn nemnd i spesielle reglar.
Garna skal være tydeleg merka med eigaren sitt namn og adresse. Merka skal vere lett synlege. I dei tilfella at fjellstyret har lagt til rette for at brukarane kan nytte garn som er fjellstyrets eigedom, skal desse vere merka Røldal fjellstyre. Leigetakarar av stølar som har fått løyve til å fiske, skal merke garna med namnet på beitelaget eller stølen.
Unntak frå desse reglane vert fastsett i spesielle reglar.
Brot på dei generelle og spesielle reglane er straffbart.
Spesielle reglar:
I Stora Uravatnet, Ostanuttjødna, Purvatjødna, Votna, Ståvatnet, Ulevåvatnet, Skurevatnet, Høsingvatnet og Øvre- og Nedre Hedlevatn gjeld ikkje reglane om maskevidde, garntal og osfreding. Fjellstyret oppmodar fiskarane til å i hovudsak sette småmaska garn (26mm/24 omfar eller mindre) i desse vatna.
I Vetla Uravatnet gjeld: Inntil 10 garn med fri maskevidde, og i tillegg 5 garn med maks maskevidde 26 mm
For grensevatna Stora Uravatnet, Holmavatnet, Tangasjøen og Vetla Uravatnet gjeld fiskekortet i heile vatnet. I Nedre Hedlevatn gjeld fiskekortet også på Berunuten Vest/Vinje kommune sin del av vatnet. I alle andre grensevatn gjeld fiskekortet berre på den delen av vatnet som ligg på Røldal statsallmenning.
For innanbygdsbuande som har løyst fiskekort for garnfiske, gjeld dette også for fiske med handsnøre, stang, oter eller liknande.
Garnfiskekort for utanbygds på Statskog sin eigedom i Votna: Fiskar kan nytte 5 garn pr. døgn. Det er fri maskevidde. Kortet gjeld også for stongfiske (i alle vatn og elvar på Røldal statsallmenning) og oter (i Votna, på same areal som er dekka av fiskekortet) i tilsvarande tidsrom.
RØLDAL FJELLSTYRE
Vedtatte fiskereglar i styremøte 1.06.23 sak 23/23