Info om reinsjakta på Ullensvang statsallmenning 2022:

Fredingssoner:
Det er to fredingssoner på Ullensvang statsallmenning der det ikkje er lovleg å drive reinsjakt. Fredingssonene gjeld heile jakta, så sant det ikkje er opplyst om noko anna frå fjellstyret.

Kort på statsallmenning er personlege. Dei kan ikkje delast med andre. Dette betyr at ingen andre enn den som kjøper korta kan jakte på dei. Unntaket er jaktlagsordninga - men i eit jaktlag må alle deltakarar ha jaktkort tildelt frå Ullensvang fjellstyre. 

Overføring av kort:
Alle jegerar som er tildelt kort frå Ullensvang fjellstyre kan overføre kort til andre jegerar som har fått tildelt kort frå Ullensvang fjellstyre. Kort kan berre overførast ein gong. Jeger som har overført kort har ansvar for innlevering av korta til fjellstyret etter jakta.


Jakttid og reglar:

Villreinnemnda har søkt om å opne for jaktstart frå 15. august. Endeleg vedtak om dette, og kva som blir gjeldande på Ullensvang statsallmenning er ikkje bestemt per i dag. Informasjon om dette blir sendt ut så snart det er klart.
Siste jaktdag er 30. september. Villreinnemnda kan utvide jakta til og med 7. oktober dersom det er eit lågt jaktuttak fram til 30. september. Informasjon om dette, og kva som blir gjeldande på Ullensvang statsallmenning, blir sendt ut til jegerane så snart det er klart.

Korttypen «vaksen bukk 2,5 år og eldre» blir omgjort til «valfritt dyr» frå og med måndag 12. september.

Jegerar må elles forhalda seg til alle offentlegrettslege reglar med omsyn til krav for å gå på storviltjakt. Du skal ha med deg:
  • Jaktkort
  • Våpenkort
  • Dokumentasjon på betalt jegeravgift og avlagt skyteprøve
  • Evnt. avtale om jaktlag

Kortreturordning:
Ullensvang fjellstyre har ikkje kortreturordning i 2022.

Overføring av kort:
Alle jegerar som er tildelt kort frå Ullensvang fjellstyre kan overføre kort til andre jegerar som har fått tildelt kort frå Ullensvang fjellstyre. Kort kan berre overførast ein gong. Jeger som har overført kort har ansvar for innlevering av korta til fjellstyret etter jakta.

Jaktlag:

Jegerar som har fått tildelt fellingsløyve på villrein i Ullensvang statsallmenning kan organisere seg i jaktlag på inntil fem personar. Det kan berre dannast jaktlag med kort stempla HA-281 eller HA-282. Alle på jaktlaget må vera tildelt slike fellingsløyve. Ein person kan berre vera medlem i eit jaktlag. Det kan ikkje dannast jaktlag med kort som er tildelt unge fyrstegongsjegerar (under 18 år). Kort som gir fellingsløyve på Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågen kan nyttast i jaktlag, men jaktlagsmedlemmene kan berre nytta desse korta på Ullensvang statsallmenning (ikkje Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågen). Alle medlemmene i jaktlaget skal ha ein kopi av jaktlagsskjemaet med seg under jakta. 
Info om oppretting av jaktlag blir sendt ut til jegerar som er tildelt jakt i god tid før jakta.

Nattefreding:

Det er nattefreding på Ullensvang statsallmenning mellom kl. 1900 og 0700. Det er ikkje lovleg å drive reinsjakt i denne perioden.

Telting:
Det er fastsett eigne teltplassar for villreinjegerar, med eventuelle hjelpemannskap. Ein dag før og under villreinjakta kan ein kun telte eller slå leir på fyljande stadar:
  • Hansbu før bekken
  • Hansbu v/naustet (fjellstyrehytta ved Nedsta Krokavatnet)
  • Litlos
  • Belebotn
  • Nybu v/Håvardsvatn
  • Øvsta Krokavasshadlet
  • Holmavatnet
  • Hovlandsstølen
  • Ysteinsbu
  • Raudåna
  • Belebu
  • Bjørnavassbu
  • Kortmark
  • Persbu
  • Nordsia av Midtra Grøndasvatn
  • Torehytta
  • Tyssevassbu
  • Langavatnet ved Ullensvang fjellstyre si hytte

Forskrift om telt- og leirslåing innen Eidfjord, Ullensvang og Røldal statsallmenningar: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/1987-11-06-897
Vedtak gjort av Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning i sak FUS 27/18 i møte 15.5.2018: http://hardangervidda-fjellstyra.no/index.php?pagePreview=1&p=1_118

Samjakt:
Ullensvang fjellstyre har inngått gjensidig samjaktsavtale med alle private vald i Ullensvang og Odda, som gir jegerar med kort på Ullensvang statsallmenning (HA 281 eller HA 282) rett til å bruke kort frå private vald i Ullensvang og Odda på Ullensvang statsallmenning frå og med 7. september og ut jakta. Jegerar med kort på Ullensvang statsallmenning (HA 281 eller HA 282) kan bruke korta på dei private valda i Ullensvang og Odda i same periode. Valda dette gjeld er:
  • HA2 Vestfjell Grunneigarlag
  • HA3 Heimste Hadlaskard
  • HA5a og 5b Opedal Grunneigarlag
  • HA5-1 Solbjørg
  • HA5-2 Ullensvang Jakt- og Fiskelag
  • HA9 Fagradal og Peisabotn stølssameige
  • HA10 Kvalnes/Skjeldås/Espe
  • HA12 Kinso Grunneigarlag
  • HA14 Tveismedalen/Vassdalen
  • HA17 Heimfjell Sameigelag
  • HA296 Odda Storvald
Opplæringsjakt (jegerar som er under 18 år):