Raudåna - oppsynshytta

Ullensvang fjellstyre sine hytter blir leigd ut i sommarhalvåret (15. juni til 31. oktober). 

Info om utleige 2023 kjem på hovudsida for hyttene til Ullensvang fjellstyre utpå våren.



Hytta er utstyrt med ved, gasskomfyr og naudsynt kjøkenutstyr. Ta med sovepose.

Hytta har to sengeplassar.

Tilgang til båt i Kvennsjøen.
100,- per seng/døgn, dobbel pris for utanbygdsbuande.

Denne hytta blir ikkje leigd ut i reinsjakta, då ho blir brukt av jaktoppsynet. Sjå sidene for den andre hytta på Raudåna for leige i denne perioden.

Garn til utlån
Fjellstyret har kjøpt inn sju garn som kan lånast av dei som brukar hytta – to småmaska og fem med maskestorleik 35-39 mm. Garna heng i uthuset. Hugs garnfiskekort.

Påhengsmotor
Det er ein 4 hk Suzuki påhengsmotor i uthuset. Motoren blir leigd ut for 75,- pr døgn, eller 500,- for ei veke. NB! Motor kan berre brukast til garnfiske i eit omfang på minimum 50 garndøger og i samband med villreinjakt. Dersom fleire av leigetakarane på Raudåna leiger motoren må bruken avtalast dei imellom. Motoren er plassert i uthuset, og det er montert kodelås. Ved leigeslutt plasser motor tilbake og sett på igjen kodelås. Leig motor for perioden du leiger hytta på denne sida på Inatur. Koden står på kvitteringa når du har gjennomført kjøpet.

NB! Når du har betalt for leiga får du tilsendt ein e-post som kvittering. Koden til nøkkelboksen står på kvitteringa. Sjekk spamfilteret viss du ikkje finn den e-posten!

Kartlenke

Kartreferanse UTM-sone 32: 6659170 399693