Fjellstyrene Hardangervidda, foto Arne Nyaas
  Du er her: Forsiden >
 
Venstre Felt

Smånytt


Utmarka - ein kjemperessurs

Møte i Fellesstyret Ullensvang

Raudrevseminar

Vinterope over Imingfjell?

Fellingsresultat Norfjella
Populær hytte på Finse

Finsebu   Foto: Ulvik Fjellstyre

Ulvik Fjellstyre melder om at finsebu no har vorte svært populær som utleigehytte for fjellfolk. Den flotte hytta like ovanfor Finse stasjon er stadig oppteken av folk som vil overnatte i Finseområdet. Her kan dei som ynskjer det gå inn på Inatur å booke hytta når dei måtte ynskje det.

Det har vorte ein suksess melder Fjelloppsyn Harald Andersen i Ulvik Fjellstyre. Grunna den store auken i talet på overnattingar har det etterkvart vorte eit problem med kapasiteten på toalett på hytta, men Fjellstyret har no teke tak i dette og bygd ny do med større kapasitet. Jobben vart sett bort til Hardangervidda Fjelloppsyn og vart utført på nyåret i 2012. Bilete frå dette kan du sjå under Fjelloppsyn.
 
Historisk vedtak på Hardangervidda

Fjellstyreleiarane som gjorde det historiske vedtaket var frå venstre: Aslak Myrvang, Eidfjord, Knut Sygnestveit, Ulvik, Dorthe Huitfeldt, Rauland, Steinar Langesæter, Ullensvang, Vebjørn Håvardsrud, Øvre Numedal, Johnny Vikne, Odda og Magnus Solbakken, Røldal
 
Foto: SHO, HF

På møtet i Kinsarvik den 02.12.2011 vart fjellstyra på Hardangervidda einige om å slå saman den politiske organisasjonen Samarbeidsorganet for Fjellstyra på Hardangervidda og oppsynsselskapet Hardangervidda Fjelloppsyn as.

Dette vart gjort for å få ein meire smidig organisasjon i fjellstyresystemet på Hardangervidda. Det vil no vere ein organisasjon å forhalde seg til dersom ein ynskjer kontakt mot fjellstyra. I tillegg vil dette føre til ei meire rasjonell drift.
 
Det nye namnet på selskapet vil vere Samarbeidsorganet for Fjellstyra på Hardangervidda as. Oppsynsaktiviteten vil framleis nytte namnet Hardangervidda Fjelloppsyn. Hovudkontoret vil som før vere på Voss, med Georg Gjøstein som dagleg leiar.
 
 
Takkar av etter lang og tru teneste

 

Knut Sygnestveit, Magnus Solbakken og Johnny Vikne
Foto: SHO, HF

Under årets seiste møte i SfH vart det ei markering av dei som no sluttar etter lang og tru teneste for Fjellstyra på Hardangervidda.

Knut Sygnestveit, Johnny Vikne og Magnus Solbakken har nærmare 80 års fartstid som fjellstyremedlemer, leiarar og styremedlemer i SfH.
 
Magnus Solbakken har åleine 40 år som tillitsvald i Røldal Fjellstyre!!!!
 
 
 
 
 
Tidlegare artiklar:
Fellingsresultat Hardangervidda
Strukturteljing på Hardangervidda 2011
Haustmøte Hardangervidda
Vellykka jakt på Osafjellet
Reinsjakta 2011
Fisketur på Hardangervidda
Ny vri på informasjonstenesta til Fjellstyra på Hardangervidda
Villreinjakt på Osafjellet
Villreinkvote på 5000 dyr i 2011
Fjelloppsynet på takjobb i Ulvik statsallmenning
Høyre felt
 
 
 
 
Nettstedet brukes publiseringsløsningen  etPublish
 
 
eXTReMe Tracker